Vamp Spor av glør Lyrics

sponsored links

I Praha tar du på deg nettingstrømper
Og eggjer meg i prismekroners glans
Mens skuggane blir levande på veggen
Så danser du ein heftig flamedans

I Wien les eg linjene i handa
Og sveiper deg i svarte enkeslør
Bak stengde dører veit eg du kan tåla
Ei iskald einsemd skapt av engleklør

I München vil du mana meg til glømsel
Og maler munnen raud med leppstift

Så mine uskyldauge aldri sansar
Den kalde, mørke viljes sterke drift

I Stockholm søv du trygt på silkelaken
Eg smør deg varsomt inn med blomeeim
Fortapte skal med slokkast i kvarandre
To trøtte sjeler som vil lengta heim

Men her – så kan eg berre slokka lyset
Snu ryggen til og kviskra eit "godnatt"
I Florlette gardiner kveles elden
Og alle spor av glør har vinden tatt

Artists A to Z: